
Strandsonerettleiar Vestland fylke
Kommunal planlegging av strandsona
Kyst- og strandstrekningane er av nasjonal interesse, fordi dei er attraktive for allmenn ferdsel og friluftsliv, natur, kulturarv og landskap. Det knyter seg såleis viktige allmenne verdiar til desse områda, og det er difor viktig å unngå uheldig utbygging i strandsona. Mange enkeltinngrep påvirkar natur- og kulturlanskapet over tid, og forringar kvalitetane i områda.
Strandsonevernet i Norge har lange tradisjonar. Strandsona har vore underlagt eit særskilt vern sidan midten av 1950-talet og det alminnelege byggjeforbodet vart første gong lovfesta i 1965. Byggjeforbodet er forankra i Plan- og bygningslova § 1-8. Lova slår fast at det i 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag skal takast særskilt omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.
Kommunane må balansera mellom bruk og vern av areala basert på nasjonale og regionale føringar. Klåre planmålsetnader, godt planverktøy og gode planprosessar er viktig for ei heilskapleg og langsiktig forvaltning av strandsona.
Retningslinene legg opp til at den differensierte forvaltninga av strandsona primært skal skje gjennom planlegging, og då fyrst og fremst gjennom kommuneplan. Rettleiaren bygger på plan- og bygningslova og statlege planretningsliner for strandsona. Det er ein målsetnad at rettleiaren skal fungere som eit verktøy til hjelp og støtte i kommunane si planlegging av strandsona. Det føl av dette at rettleiaren i hovudsak har fokus på strandsonerelaterte problemstillingar, men med ei føresetnad av at dette berre er ein del av ei heilskapleg planlegging i kommunane.
Rettleiaren er utarbeidd i eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. Kommunane i Vestland har hatt høve til å medverke gjennom prosessen; gjennom webinar-serie, direkte innspel og bildebruk.
Overordna føringar
FN's Bærekraftsmål handlar om å oppnå bærekraftig utvikling for tre hovuddimensjonar: økonomisk, sosialt og miljø. Miljømessig bærekraft med fokus på natur, landskap og kulturmiljø, samt sosial bærekraft for friluftliv og kulturmiljø er særskilt viktig for strandsona. Bærekraftsmål nummer 14. Livet i havet, 15. Livet på land og 11. Berekraftige byar og lokalsamfunn står sentralt.
Regjeringa legg kvart fjerde år fram nasjonale politiske forventningar til regional og kommunal planlegging for å fremje ei berekraftig utvikling i heile landet: Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2019–2023 . Følgjande relevante punkt er å finna i dei politiske forventningane;
- Fylkeskommunane og kommunane identifiserer og tek omsyn til viktig naturmangfald, friluftslivsområde, overordna grønstruktur, kulturhistoriske verdiar, kulturmiljø og landskap i planlegginga. Samla verknader blir tekne omsyn til.
- Fylkeskommunane og kommunane vurderer arealbruken i strandsona langs sjøen og i og langs vassdrag i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, og tek særlege omsyn til naturmangfald, kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.
Regjeringa kan også utarbeide stortingsmeldingar og proposisjonar som dannar grunnlag for forvaltninga. Dei inneheld ofte drøftingar om framtidig politikk eller konkrete vedtak innan eit saksområde.
Noreg har sett 24 nasjonale miljømål . Miljømåla er fordelt på områda naturmangfald, kulturminne og kulturmiljø, friluftsliv, forureining, klima og polarområda. Desse definerer kva Noreg ønskjer å oppnå på kvart område og kva som er ønskja tilstand for miljøet i Noreg. Tilstanden vert målt ved hjelp av miljøindikatorar.
Fylkeskommune og Statsforvaltar har ulike ansvarsområde og mandat i arealforvaltninga. Når det gjeld strandsona legg særskilt statlege planretningsliner føringar for fylkeskommunen og statsforvaltar si handsaming av tiltak etter plan- og bygningslova. Rollene til kommunane, fylkeskommune og Statsforvalter knytt til dei Statlege planretningslinjene er definert i kap 5. Offentlige myndigheters oppgaver og ansvar .
PBL §1-8 Forbod mot tiltak mv. Langs sjø og vassdrag
Byggjeforbodet i 100-metersbeltet er nedfelt i § 1-8 . Forbodet er innskjerpa i lov av 2008, og gjeld så lenge det ikkje er fastsett anna byggjegrense. Lova stiller som krav at det innanfor 100-metersbeltet skal takast særskilt omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.
Vurdering av nye tiltak skal alltid vegast opp mot desse allmenne omsyna.
Følgjande lenker gir ytterlegare informasjon og kunnskapsgrunnlag:
Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen (SPR)
Statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen (SPR) er vedteke 2021. Føremålet med retningslinene er å tydeleggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen. Retningslinene utdjupar lova og gjev konkrete statlege føringar for kommunal og fylkeskommunal planlegging.
Retningslinene legg opp til at den differensierte forvaltninga av strandsona primært skal skje gjennom planlegging, og då fyrst og fremst gjennom kommuneplan.
Landet er delt inn i tre hovudområde, sjå kartdøme:
- Sone 1: Kystkommunane i Oslofjordregionen
- Sone 2: Andre områder der presset på areala er stort (oransje farge)
- Sone 3: Områder med mindre press på areala (gul farge)
I Vestland er kommunane Askøy, Bergen, Øygarden og deler av Alver (tidlegare Lindås og Meland) og Bjørnefjorden (tidlegare Os) i sone 2. Dei resterande kommunane i fylket, samt deler av Alver (tidlegare Radøy) og Bjørnafjorden (tidlegare Fusa) ligg i sone 3.
Det er ikkje mogleg å gjennomføre ei geografisk avgrensing i retningslinene som fullt ut tek omsyn til lokale skilnader innanfor den einskilde kommune. Retningslinene legg difor opp til ei ytterlegare differensiering også innanfor den einskilde kommune/sone.
Regionale føringar
Dei kystnære sjøareala og strandsona står i ein særstilling i Vestland. Presset på kysten er aukande og forvaltninga er prega av mange ulike interesser, på tvers av kommunegrenser og sektorar. Regional planlegging kan bidra til å balansere interessene mot kvarandre og sikre både bruk og vern.
Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger
Planen omfattar sjøareal og strandsone i Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa (no del av Bjørnafjorden), Jondal (no del av Ullensvang), Kvam, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes samt sjøareal i Vindafjord kommune, Rogaland fylke.
Føremålet med planarbeidet er å sikre ei berekraftig forvaltning av sjøareal og strandsone i Sunnhordlandsregionen og Ytre Hardanger. Planen skal sikre gode rammevilkår for havbruksnæringa som ei stor og viktig næring i regionen, samt maritim sektor med trygge farleier, hamneområde og sjøretta næringsareal. Planen har fire hovudtema, der strandsone er eitt av dei. Planen har følgjande delmål for tema strandsone: Strandsona skal ivaretakast i eit langsiktig perspektiv som ressurs for lokalmiljøet med fokus på natur- og landskapsopplevingar, biologisk mangfald, friluftsliv og kulturminne. Det er eit mål å ivareta allmenne interesser og unngå uheldig utbygging. LINK til planarbeidet
Strandsona i Vestland
Mangfald og store kontrastar kjenneteiknar strandsona i Vestland. Langs den lange kystlina i fylket finn vi eit svært variert landskap, frå holmar og skjer, store øyer i vest til smale fjordar i aust. Eit rikt biologisk mangfald, kulturminne frå mange tidsepokar, attraktive strender og båtutfartsområde og eit landskap rikt på opplevingsverdiar gir grunn til varsemd og langsiktig planlegging i høve til utbygging.
Det er historiske og naturgjevne grunnar for menneskeleg aktivitet og busetnad i strandsona. Som det einaste fylket i landet har Vestland ingen innlandskommunar, alle kommunar grensar til sjø. Det føl av dette at kommunane har tette band historisk og kulturelt knytt til bruken av kystsona. Eit mangfald av viker og gode hamner med bygningsmiljø vitnar om kor viktig sjøen er for kontakt og handel. I mange av kommunane ligg også ein del av tilgjengeleg byggeland innanfor strandsona i hovudsak grunna topografi med bratte fjell.
Vestland er ein region med rike naturressursar, sterke industri- og næringsmiljø og tunge kompetansemiljø. Store delar av næringsgrunnlaget i regionen er knytt til strandsone og sjø gjennom industri knytt til kraftproduksjon, offshore, bygging av plattformar og skip, samt fiskeri og akvakultur. Strandsona er også ein viktig ressurs i eit reiselivsperspektiv.
Vestland fylke er mangfaldig både i natur og kultur, eit mangfald som er enno sterkare framheva som resultat av samanslåing av tidlegare Hordaland og Sogn & Fjordane fylke. Mange av kommunane i Vestland ligg i sone 3, men uavhengig av soneinndeling opplever dei fleste kommunane press på dei attraktive areala i strandsona, og med dette blir den kommunale planlegginga i strandsona enno viktigare.
Det er ei utfordring i fylket at det vert gjeve mange dispensasjonar i strandsona. Dette kan føre til uheldige kosekvensar gjennom utbygging bit for bit utan at ein ser dette i samanheng, og sum-verknadene blir vanskeleg å vurdere. Nye tiltak i strandsona skal i hovudsak gjennomførast i tråd med arealplan, og ikkje gjennom dispensasjonar. Rettleiaren kan fungere som eit verktøy for kommunane si planlegging av strandsona, med ei klår målsetnad om å få redusert antal dispensasjonar i desse sårbare områda.
I bileta under ser eit utdrag frå strandsona i Vestland.
Strandsoneverdiar
Naturmiljø
Dei naturgjevne tilhøva langs kysten i Vestland er grunnlag for eit svært rikt biologisk mangfald. Dei klimatiske tilhøva med milde vintrar og mykje fuktig ver gir gode vekstvilkår for planter som vanlegvis har ei meir sørleg utbreiing. Geologien er også medverkande til eit rikt mangfald, særleg der det er kalkrik grunn. Geologisk mangfald er såleis ein del av naturmangfaldet. Det varierte landskapet dannar rom for mange ulike naturtypar, flora og fauna.
Både naturlandskapet og kulturlandskapet langs kysten er viktige leveområde for mange planter, fuglar og dyr. Sentralt i strandsonevernet er å sikre størst mogleg artsmangfald. Det føl av dette at ein må sikre ulike artar sitt leveområde.
I planarbeid må ein ha oversikt og kunnskap om området sitt naturmangfald, som m.a. kartfesta registreringar (naturtypar, funksjonsområde, viltområde med meir). I tillegg til det som allereie er kartlagd kan anna naturmangfald i området knytast til strandsona, som t.d. mindre og større grøne areal, samt elveos i møte mellom land og sjø. Desse er også ein naturleg del av den verdifulle strandsona. Døme på naturmangfald knytt til strandsona: Sand- og grusstrand. Strandeng og sumpskog. Rikt strandberg. Kystlynghei. Raste- eller yngleområde for fugleartar. Kystfuruskog. Edellauvskog.
Datakjelde og informasjon, m.a.: Portal for økologiske grunnkart (naturmangfald) Norske miljømål 2011 Verna naturområde Naturtypekartlegging / NiN Utvalde naturtypar Artsregisteringar (arter av nasjonal interesse) Arter funksjonsområde Om geologisk mangfald og kart; geologisk arv Geologisk mangfold i arealplanlegging (rettleiar) Lokale viltkartleggingar Andre lokale rapportar/kartleggingar
Kulturarv
Kysten i Vestland er rik på kulturminne og kulturmiljø som fortel historia om livet langs kysten. Dei første Vestlendingane kom truleg sjøvegen og slo seg ned på dei ytre delane av kysten der mattilgang både på land og i sjø var god. Sjøen var den viktigaste ferdselsåra. Fiskeri, skipsfart og forsvarsanlegg har òg etterlate seg restar av den maritime infrastrukturen.
Vern av kulturarva er vern av kunnskap om historia. Kulturminne og kulturmiljø er ressursar som skapar tilknyting og trivsel, og som kan gje grunnlag for verdiskaping til dømes i reiselivssamanheng.
Kulturminne og kulturmiljø er ikkjefornybare ressursar som skal takast vare på i ei heilskapleg miljø- og ressursforvalting. Desse ressursane gir kunnskap om kulturarv og identitet og er kjelder til trivsel, oppleving og verdiskaping i den lokale samfunnsutviklinga.
Frå dei første pionerane i steinalderen fann vegen til vårt område, og fram til i dag, har utnytting av dei marine ressursane vore sjølve livsnerva. Det norske kystlandskapet er eineståande i verdssamanheng. Grunna landheving etter isen si tilbaketrekking er framleis store delar av dei eldste kystlinene bevart over dagen sitt havnivå. Vår region er såleis eit av få område i verda der ein har fysiske spor etter omkring 10.000 år med samanhengande kystbusetnad. Dette er eit av våre viktigaste bidrag til vår felles kulturarv.
Sjørelaterte kulturminne og kulturlandskap understrekar relasjonen mellom sjø- og landbasert aktivitet opp gjennom historia. Den historiske bruken av strandsona er sterkt knytt til næring og leveveg. Døme på strandsonerelatert kulturarv: Steinalderbuplassar. Fjæremannstufter. Gravrøyser. Kyrkjestadar; Kyrkje, gravplass, båtstø, båreheller, kyrkjevegar, omkledningstadar. Naust, sjøbuer, nothengjer, fortøyingsstadar, båtlendingar, seglingsmerke og vardar. Krigsminne; Bygg, anlegg, landskap eller spor etter hendingar i landet under krigen. Ved elveosane i møtet mellom land og sjø, finn ein òg kulturminne knytt til eldre industri.
Datakjelde og informasjon: Kulturminnesøk Meld. St. 16, Nye mål i kulturmiljøpolitikken Automatisk freda kulturminne ( Askeladden ) SEFRAK -registeret Kulturminneplanar/ bygningsvernplanar Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse ( KULA ) Utvalde kulturlandskap i jordbruket ( UKL ) Kulturlandskap og kulturmarkstyper i kommunane (tidl. S&F) Kulturlandskap i kommunane (tidl. S&F) Regionalt viktige kulturlandskap (tid. S&F) Kulturhistorisk leksikon (tidl. S&F) Grind Regionale kulturmiljø (under arbeid)
Friluftsliv
Kysten i Vestland byr på store kvalitetar og høve til å utøve mange fritidsaktivitetar. Friluftslova og Allemannsretten legg grunnleggjande premiss for friluftslivet. Dei gir rett til å ferdast fritt i utmark – både i og ved byar og tettstader og i større områder i skogen, på fjellet eller ved kysten. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av den norske kulturarva. Den største allmenningen Noreg har, er knytt til sjø og havområda. Strandsoneområda er såleis ekstra viktig i samband med friluftsliv.
Ved kysten er fotturar, bading, kajakk, båtliv og fiske viktige friluftsaktivitetar. Tilgjengeleg natur eller grøntområde er avgjerande for at allmenta skal ha høve til å utøve friluftsliv som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg fritidsaktivitet. Det er viktig med tilgjenge både frå land og sjøsida, og ikkje minst langsmed strandsona. Frå naturen si side er store delar av strandsona i Vestland ikkje farbar til fots, men områda representerer likevel landskapsrom med stor opplevingsverdi for friluftslivet.
Områda som er nytta til friluftsaktivitetar er av ulik storleik, tilrettelegging og bruksfunksjon. Både store samanhengande friluftsområde og mindre lokale område er viktige å ta vare på. Samla gir dei grunnlag for aktivitet for ulike brukargrupper. Det er særskilt viktig å sikre gode og tilgjengelege friluftsområde nær by- og tettstader. I slike pressområde bur det ofte mykje folk, og behovet for nære område til bruk i kvardagen er stort. Dersom ein ikkje sikrar godt tilgjenge til strandsona for folk flest i slike pressområde vil kvalitetar knytt til bukvalitet og kvardagsliv forringast monaleg.
Friluftsliv er avhengig av kvalitetane på staden, til dømes kor bratt det er og om området er eigna for bading, fiske, opphald og rekreasjon. Oppleving av sjø og utsikt frå høgareliggjande område er også ein viktig kvalitet. Informasjon om topografi er ei nyttig kunnskapskjelde. Statleg sikra friluftsområde er lokalt og regionalt viktig for rekreasjon og friluftsliv. I tillegg bør regionale og lokale friluftsområde, samt lokale badeplassar og lune viker som vert nytta til friområde sikrast. Kunnskap om t.d. utsiktspunkt, stiar og snarvegar bør inkluderast. I dette perspektivet bør ein også vurdere område sitt framtidige potensiale for bruk til friluftsaktivitetar.
Datakjelde og informasjon: Fylkesatlas, friluftsliv St.meld 18. Friluftsliv - naur som kilde til helse og livskvalitet (2015-2016). Handlingsplan for friluftsliv (2018) . Nasjonal strategi for et aktivt friluftsliv (2014-2020) Statleg sikra friluftsområde Regionale og lokale friluftsområde Turrutedatabase Badeplassar/friområde Kommuneplan/reguleringsplan Topografi
Landskap
Kystlandskap omfattar alle landskap i kystsona, i overgangen mellom sjø og land. Karakteristisk for Vestland er høge fjell, djupe fjordar, ope kystlandskap og levande lokalsamfunn både i innland og langs kysten. I dette har ein både urørt natur, kulturlandskap og urbane miljø. Landskap er viktig som grunnlag for opplevingar, og kjelde til identitet og livskvalitet for innbyggjarane.
Eit område sin landskapsverdi er sett saman av ein eller fleire landskapselement, som til dømes terrengformer, særeigne element i landskapet, landemerke og kulturhistoriske element. Ubrotne drag og liner i landskapet som strandline og horisont er døme på grunnleggande estetiske kvalitetar. Delar av kystlandskapet er visuelt sårbart og bør takast særskilt omsyn til. I eit ope urørt landskap kan sjølv små tiltak ruva i terrenget og vere med å redusera området sine estetiske kvalitetar.
I landskap eksponert mot fjorden er landskapstilpassing, proporsjonar og arkitektur i harmoni med landskapet særskilt viktig.
Datakjelde og informasjon, m.a.: Europeisk landskapsvernkonvesjon Fylkesatlas, landskap og kulturlandskap Verdivurdering av landskap i Hordaland fylke Verdivurdering av landskap Sogn og Fjordane (kyst) NiN landskap Grunnkart (FKB) Lokale landskapsanalysar Topografi Inngrepsfrie naturområde (INON) Ar5 (markslag)
Allmenne interesser
Dei allmenne interessene kan seiast å vera summen av alle verdiar som gjer strandsona verdifull, både for noverande og framtidige generasjonar.
Allmenne interesser og verdiar er i stor grad knytt til menneska si bruk og oppleving av strandsona, gjennom tilgjenge, nærleik og aktivitet. Dette kan t.d. areana for læring, identitet, møte- eller samlingsplassar, kyststi/-promenade, offentlege kaiar/hamn for gjester eller rutegåande transport. Særleg aktuelt er desse allmenne interessene i urbane eller tettbygde område.
All utbygging skal vurderast opp mot dei allmenne interessene, og dei ulike interessene må sikrast god sameksistens. I samband med utbyggingar i strandsona skal det leggast vekt på å finne gode løysingar for allmenta, til dømes med etablering av kyststiar og sikring av det strandnære arealet til friluftsføremål.
Ulike møtestadar og tilrettelagde område.
Kunnskapsgrunnlag
Ei viktig førebuing av kartlegging av strandsona er innsamling og systematisering av informasjon. Kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med kartlegging av strandsona er tilgjengeleg i ei rekkje databasar og innsynsløysingar på internett. I tillegg til dette vil lokale/regionale rapportar og lokal kjennskap vera nyttige kjelder. Døme på datakjelder og referansar i rettleiaren er ikkje uttømmande.
Kartleggingsarbeida kan i utgangspunktet gjennomførast basert på tilgjengeleg og eksisterande datagrunnlag. Ein må likevel vurdere kvaliteten av tilgjengelege data, og om naudsynt få utarbeidd eller revidert datasetta.
Datagrunnlag
Geodata frå det offentlege kartgrunnlaget (DOK) er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget. I dette ligg det m.a. grunnkart (FKB), matrikkeldata, kommunaltekniske geodata og ulike tematiske geodata (temakart). Nettportalen Geonorge er den nasjonale nettstaden for kartdata og annan geografisk stadfesta informasjon. Her finn ein ei rekkje ulike basis- og temadatasett frå offentlege verksemder og etatar. Her kan ein enten laste ned data eller ta i bruk wms-lenker.
Fylkesatlas er ei webløysing for å gje tilgang til topografiske kart, satellittbilete/ortofoto og ei rekke tematiske romlege data frå ulike kjelder. Kartløysinga er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland.
Informasjonskjelde/verktøy
SSB har statistikk og kartløysingar som kan nyttast for å få oversikt av strandsona i eigen kommune og i regionen. Sjå kapitel Kartlegging - Arealstatus i rettleiaren.
Asplan Viak har på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) utarbeida døme på 3D-modell for strandsoneplanlegging . Dette inneber bygging av modell og tilgang til programvare for utforminga. Eit alternativ til denne modellen er å ta i bruk kommunekart si 3D løysing, her med døme frå Sogndal .
På regjeringa si nettside planlegging.no finn ein generell rettleiing til plandelen i plan- og bygningslova, lenker til nyttige ressursar og ei innføring i plansystemet på ulike nivå. Her finn ein mellom anna veilederen: Kommuneplanens arealdel . Rettleiaren er eit praktisk hjelpemiddel til kommunane med svar på vanlege spørsmål og problemstillingar, samt døme som er relevante for kommunane si arealplanlegging.
Kartlegging
Nasjonale føringar gir opning for differensiering av byggjeforbodet i plan- og bygningslova gjennom kunnskapsbasert kartlegging og planlegging. Oversikt og kjennskap til strandsona sine verdiar gir grunnlag for god planlegging og forvaltning.
Det kan vera ulike steg og fasar i arbeidet med kartlegging av strandsona. Som første fase kan det vera hensiktsmessig å gjennomføre ei digital analyse av arealstatus i 100-metersbeltet . Mål-setnaden er å få eit oversyn over arealtilstand, grad av inngrep og tilgjengeleg strandsone. Neste fase kan vera å gjennomføre ei kartlegging av strandsoneverdiar med ei samanstilling av kjent kunnskap, analyse og fastsetjing av område med strandsoneverdiar. Kvalitetar knytt til naturmiljø, kulturarv, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser står i fokus. Desse kartleggingane gir eit nyttig kunnskapsgrunnlag for vidare bruk i planlegging og forvaltning.
Arealstatus
Oversikt og kjennskap til strandsona sine verdiar i eigen kommune gir grunnlag for god planlegging og forvaltning av strandsona. Nasjonale føringar gir opning for differensiering av byggjeforbodet i plan -og bygningslova gjennom kunnskapsbasert kartlegging og planlegging.
Arealstatuskartlegging Stord kommune, Leirvik
Ei oversikt over arealstatus i 100-metersbeltet syner dagens situasjon. Jamleg oppdatering av datamateriale og arealrekneskap kan nyttast til å følgja endring av arealbruk i strandsona over tid og såleis nyttast i eit historisk perspektiv.
Kommunane bør som grunnlag for vidare planlegging skaffe oversikt over tilgjengeleg strandsone i eigen kommune. Tilgjengeleg strandsone for ålmenta kan definerast som område med fri ferdsel etter friluftslova, samt tilgjenge i høve til terreng/brattleik. I følgje friluftslova er det fri ferdsel i utmark, med eit par unntak. Det vesentlege er nærleik til hus/hytte. I eit friluftslivsperspektiv er topografi avgjerande for tilgjenge. Områder med hellingsgrad brattare enn 25 grader kan definerast som utilgjengeleg (jamfør SSB sin klassifisering).
Statistisk sentralbyrå (SSB) utarbeidar årlege rapportar over arealbruken langs kysten (bygnings-påverka strandsone, tilgjengeleg strandsone og fysiske hindre). Dette er den offisielle statistikken som vert nytta over status i strandsona.
SSB gir mellom anna tal på potensielt tilgjengeleg strandsone i kommunane, basert på kartlegging av bygningsnært areal (50 m frå bygning), dyrka mark og vegar. I tillegg har SSB delt den potensielt tilgjengeleg strandsona i ulike hellingsgrader. Denne statistikken gir god oversikt i regional og nasjonal samanheng, men kan vera noko utilstrekkeleg til bruk på kommunalt nivå mellom anna av di: • SSB kartlegg berre fastland og øyar med fastlandssamband • SSB tek ikkje med naust/båthus/sjøbod/brygger/kai eller andre bygg enn hotell for overnatting • SSB sine kart syner ikkje kva type tiltak/føremål som gjer at areala ikkje er tilgjengelege. Karta skiljer ikkje mellom dei ulike arealføremåla (t.d bustad/næring/infrastruktur).
Nytteverdi arealstatus
- Oversikt over dagens situasjon i strandsona
- Arealrekneskap - kor mykje er tilgjengeleg strandsone og kor mykje er nedbygd?
- Grunnlag for å definere kva areal som har stort press og mindre press internt i kommunen
- Grunnlag for å velje område der ein skal gjennomføre kartlegging av strandsoneverdiar. Det er ikkje naudsynt å kartlegge heile strandsona i kommunen. Arealstatuskartlegginga gir eit bilete over område som er under press for utbygging. Det er i desse områda ein i hovudsak bør gjennomføre kartlegging av strandsoneverdiane.
Kartlegging av strandsoneverdiar
Kartlegging av strandsona som ein del av overordna planlegging kan gjerast på ulike måtar. Vestland fylkeskommune definerer Funksjonell strandsone som ein eigna metodikk for å gjennomføre ei kartlegging av strandsoneverdiar i utvalte delområde av kommunen. Kartlegginga vil representere eit kunnskapsgrunnlag for den vidare planlegginga og forvaltning av strandsoneområde.
Plan- og bygningslova avgrensar byggjeforbodet i strandsona til 100 meter, men opnar for vidare differensiering gjennom planlegging. I mange område med eksisterande busetnad stemmer ikkje eit teoretisk 100-metersbelte med område som har faktiske strandsoneverdiar. Dette gjeld også ofte for avgrensing av andre verdiar i strandsona, som til dømes naturmangfald, kulturarv, land-skap eller friluftsliv. Eit viktig premiss for å fastsetje ei funksjonell strandsoneavgrensing er såleis at den kan vere både smalare og breiare enn 100-metersbeltet.
Analyse- og kartleggingsarbeidet bygger på ein metodikk som er skildra i dei komande avsnitta. Kvalitetar knytt til naturmiljø, kulturarv, friluftsliv, og landskap står i fokus.
Funksjonell strandsone er definert som Den sona som står i innbyrdes direkte samspel med sjøen både økologisk, topografisk og/eller bruksmessig. Kan vere smalare eller breiare enn 100-metersbeltet. Det føl av denne definisjonen at det i hovudsak er omsyn knytt til strandsoneverdiar som skal kartleggast gjennom funksjonell strandsone. Andre aktuelle omsyn som skal ivaretakast må sikrast gjennom ei heilskapleg tilnærming til arealplanlegginga.
Nytteverdi funksjonell strandsone
Kartlegging av funksjonell strandsone kan gi følgjande bruksområde for den kommunale forvaltninga:
- Kunnskapsgrunnlag for konsekvensutgreiing av nye arealinnspel ( sjå meir her )
- Kunnskapsgrunnlag for fastsetjing av byggjegrense ( sjå meir her ) Funksjonell strandsone er eitt av fleire vurderingsgrunnlag for å fastsetje ny byggjegrense mot sjø. Funksjonell strandsone er ikkje det same som byggjegrense, men kan i mange område vera samanfallande.
- Kunnskapsgrunnlag for fastsetjing av omsynssone
- Kunnskapsgrunnlag for avgrensing av arealføremål
- Kunnskapsgrunnlag for vidare arealforvaltning og planrevisjon
Metode
Kartlegginga krev ikkje anna kompetanse enn det kommunane normalt har for planleggings- og kartarbeid. Det er ein viktig føresetnad at arbeidet er kunnskapsbasert og kan etterprøvast. Perspektivet for kartlegginga er i hovudsak frå sjø.
Det er ikkje naudsynt å kartlegge heile strandsona i ein kommune. I dei fleste tilhøve er det ikkje naudsynt å kartlegge LNF-område. Kartlegging av funksjonell strandsone bør - som eit minimum – gjennomførast for eksisterande utbyggingsområde, aktuelle nye utbyggingsområde, fortettingsområde og LNF-område der det er aktuelt å opna for spreidd busetnad.
Kartlegginga tek utgangspunkt i dagens situasjon og tilgjengeleg kunnskap, og legg såleis ikkje vekt på mogleg framtidig utbygging.
Det er viktig å sikre eit heilskapleg grunnlag for kartlegging av den funksjonelle strandsona, med utgangspunkt i følgjande verdiar: 1. Naturmiljø 2. Kulturarv 3. Friluftsliv 4. Landskap I tillegg til desse er eksisterande infrastruktur, landbruk, bygnad og planstatus relevante datagrunnlag for avgrensing av funksjonell strandsone.
I fastsetjing av funksjonell strandsone må det gjerast ei samla vurdering av alle registrerte strandsoneverdiar i det konkrete området. Ein del av dei kartfesta registreringane har ein definert verdi, t.d. naturtypar og friluftsområde. Det sentrale i denne samanhangen er koplinga til sjø/strandsona, og ikkje sjølve verdisetjinga knytt til registreringa. Funksjonell strandsone skal romme alle strandsoneverdiar, og den konkrete avgrensinga vil følgje dei verdiane/interessene som går lengst inn på land.
I område der ingen av verdiane er framtredande/registrert eller gjev grunnlag for ei differensiering, bør 100-metersbeltet nyttast som avgrensing. I praksis har ein då ikkje gjennomført ei differensiering av strandsona, og omsyna ihht § 1-8 er ivareteke gjennom lovverket utan intensjon om endring. I desse områda kan ein også vurdere å ikkje synleggjere resultatet frå kartlegginga i endeleg rapport. Ein kan også vurdere å fasthalde 100-metersbeltet som avgrensing når eit område med verdiar for strandsona går langt inn på land, eit døme på dette kan vera eit ope jordbrukslandskap som strekkjer seg fleire hundre meter innover.
Kartleggingsarbeidet kan utførast basert på eksisterande data, flyfoto, skråfoto, 3D-kart og dronebilde/film, men det er ei føremon å gjennomføre synfaring frå sjøsida. Kartlegginga er basert på konkrete, men også skjønnsmessige vurderingar.
Naturmiljø
Strandsona som står i direkte økologisk samspel med sjøen. Strandsona omfattar eit mangfald som gir leveområde for mange artar, samanhengen sjø og strandsone er sentral.
Informasjon og kunnskapsgrunnlag sjå her; Naturmiljø.
Funksjonell strandsone inkluderer:
- Kartfesta registreringar - Naturområde av tyding for lokalt artsmangfald, areal som ikkje er kartfesta i databasar (t.d. små grøne lunger, samanhengande skogsområde) - Elveosen knytt til større og mindre vassdrag Temaet må vurderast saman med topografi/landskap.
Kulturarv
Kulturminne/-miljø/-landskap som har bruksmessig eller topografisk samanheng med strandsona. Kulturarv som understrekar relasjonen mellom sjø- og landbasert aktivitet opp gjennom historia.
Informasjon og kunnskapsgrunnlag sjå her; Kulturarv
Funksjonell strandsone inkluderer:
- Kartfesta registreringar - Kulturlandskap - Sjørelaterte kultur- og bygningsmiljø Dei sjørelaterte miljøa omfattar også m.a. tekniske anlegg med sjørelaterte funksjoner som kaiar, båtstø, molo, fyr og merker i seglingsleia.
Temaet må vurderast saman med topografi/landskap.
Friluftsliv
Friluftsområde som har bruksmessig eller topografisk samanheng med strandsona.
Informasjon og kunnskapsgrunnlag sjå her; Friluftsliv
Funksjonell strandsone inkluderer:
- Kartfesta regionale eller lokale friluftsområde og friområde - Statleg sikra friluftsområde - Badeplassar og lune viker. Stiar og kaiar. - Areal som er lett tilgjengeleg og har potensial for friluftsliv
Temaet må vurderast saman med topografi/landskap, samt kulturarv og naturmiljø.
Landskap
Område som har topografisk samanheng med strandsona. Landskapsrom som naturleg vender seg mot stranda/sjøen. Landskapselement som dannar tydelege landskapsrom og former, landemerke og kulturhistoriske element.
Informasjon og kunnskapsgrunnlag sjå her; Landskap
Funksjonell strandsone inkluderer: - Særeigne element i landskapet som nes, landemerke og kulturhistoriske element - Landskapsrom som har eit tydeleg samspel med strandsona - Ubrotne drag og liner i landskapet - Grøne lunger og svaberg - Større samanhengande grøntområde - Lengre bratte parti med over 25 graders helling kan gi ei naturleg avgrensing av den funksjonelle strandsona. Dette må vurderast i samanheng med eksponeringsgrad, og ei avgrensing bør liggje eit stykke innanfor det bratte partiet. Temaet må vurderast saman med kulturarv.
Dagens situasjon
Eksisterande infrastruktur, landbruk, bygnad og planstatus er også relevante datagrunnlag for avgrensing av funksjonell strandsone.
Dagens situasjon/infrastruktur må sjåast i samanheng med kartlegging av verdiane natur, kultur, friluftsliv og landskap.
Døme: - Ei tett husrekkje kan danne bruks- og landskapsbarriere mot sjø - Ein større veg kan danne bruksbarriere. - Naust, enkeltbygg (t.d. bustad/hytte) og mindre vegar vil i dei fleste tilhøve vera ein del av den funksjonelle strandsona. - Eit eksisterande nærings-/industriområde som ligg heilt til sjø vil ofte vurderast som eit område utan særskilte strandsoneverdiar.
Døme på kartlegging av funksjonell strandsone
Kartet under syner døme på eit kartlagt område.
Innhenting av grunnlagsdata
Første fase av arbeidet er å hente kunnskapsgrunnlag frå kjente databasar.
Trykk på dei ulike kartlaga for informasjon
- Vurdere feilkjelder og trong for oppdatert/ny kunnskap.
- Vurdere delområde i kommunen med behov for kartlegging av funksjonell strandsone.
- Dele inn kommunen i naturlege delområde for kartleggingsarbeidet.
- Tilrettelegge for digital kartframstilling og analyse.
Kartlegging av funksjonell strandsone
Neste fase er å gjera sjølve kartleggingsarbeidet.
Trykk på den blå funksjonelle strandsonelinja i kartet for ei forklaring og skildring av bakgrunn
- Vurdering av verdiane som er registrert i området.
- Vurdering av eksisterande situasjon (busetnad og infrastruktur) i høve til landskaps- og bruksbarrierar mot sjø.
- Ei samla og heilskapleg vurdering av alle verdiane delstrekk for delstrekk.
- Sette avgrensing for funksjonell strandsone.
- Vurderingane skal gjerast frå land og frå sjø. Aktiv bruk av 3D kart/skråfoto/synfaring
- Utarbeide rapport med temakart og bilde som skildrar situasjonen og vurderinga for kvart enkelt delområde.
Rapport og medverknad
Arbeidet må vera kunnskapsbasert og etterprøvbart.
Det må utarbeidast rapport som skildrar: 1. Bakgrunn, metodikk og kjeldegrunnlag 2. Skildring av kvart delområde. Detaljgrad må tilpassast slik at informasjonen vert lagt fram på eit tilstrekkeleg detaljnivå. Ikkje trong for detaljar knytt til eigedomsnivå. 3. Bilde og temakart som synleggjer grunnlaget for den funksjonelle strandsoneavgrensinga. Målestokk må tilpassast slik at informasjonen kjem tilstrekkeleg godt fram 4. Temakart med den funksjonelle strandsoneavgrensinga. Temakarta bør utarbeidast med utgangspunkt i standardisert teiknereglar for det spesifikke kartlaget.
Det kan vera nyttig å ta i bruk digitale plattformer for å presentere arbeidet, som t.d. heimeside med skildring og kart, kommunekart.no eller storymap. Dette vil gi eit godt grunnlag til å forankre og synleggjere arbeidet med den funksjonelle strandsona.
Arbeidet bør forankrast administrativt, politisk og for innbyggjarar. Dette kan t.d. gjerast gjennom seminar, synfaring med politiske utval og digitale plattformer for distibusjon.
Planlegging
Avklaring av arealbruk i strandsona skal i hovudsak skje gjennom planlegging, og ikkje gjennom enkeltvise dispensasjonar. Føregåande kapittel har synt at forvaltning og planlegging av strandsona er ei utfordrande og kompleks oppgåve. Det krev ei heilskapleg og langsiktig tilnærming til oppgåva å balansere dei ulike interessene i strandsona. Denne oppgåva eignar seg såleis best i samband med kommuneplanen sin samfunns- og arealdel.
Dei neste avsnitta vil setje fokus på ulike arealføremål og plantema som er aktuelle i strandsona, med råd og rettleiing for god planlegging.
Soneinndelinga i SPR tek ikkje fullt ut omsyn til lokale ulikskapar i utbyggingspress og verneverdiar innad i den enkelte kommune. Retningslinene legg difor opp til at ytterlegare differensiering kan gjerast i kommuneplanen sin arealdel. I område med lite utbyggingspress og mykje tilgjengeleg strandsone, kan det i større grad godkjennast nye tiltak enn i område som har lite tilgjengeleg strandsoneareal og stort utbyggingspress. Nye tiltak i strandsona skal uansett soneinndeling vurderast opp i mot omsyna som skal vektleggjast ihht § 1-8.
Generelle råd
Statlege planretningsliner (SPR) slår fast følgjande under generelle retningsliner for alle soner (ikkje uttømande): - Utbygging bør konsentrerast til etablerte byggjeområde. - Areal til bustad-, sentrums- og næringsutvikling bør prioriterast føre areal til fritidsbustader. - Ved lokalisering av næringsområde bør det tilleggjast vekt om næringar og næringsverksemd som bidrar til auka lokal verdiskaping treng tilgang til sjøen. - Karakteristiske hovudtrekk i landskapet bør oppretthaldast og verdifulle førekomstar av naturtypar og artar må takast vare på. - Det skal leggjast vekt på å ta vare på karakteristiske kulturlandskap, kulturmiljø og enkeltståande døme på den særeigne kystkulturen i området. - Det bør leggjast stor vekt på å oppretthalde og forbetre tilgjenge til strandsona frå landsida og sjøsida, samt mogleiken for å ferdast og å opphalde seg langs sjøen. Desse omsyna skal vektleggast sterkt når kommunen vurderer å godkjenne vidare utvikling av eksisterande bustad- og fritidseigedomar. - Tomteopparbeiding, etablering av vegar og annan infrastruktur bør skje slik at terrenginngrep og ulemper blir minst mogleg. - Det bør leggjast vekt på løysningar som gir ålmenta betre tilgang til sjøen og ein forbetra landskapssituasjon gjennom terrenghandsaming, planting av vegetasjon og liknande.
Regional plan for kystsona i Sunnhordland og ytre Hardanger (vedtak 20.03.2020) har forankra generelle retningsliner for vidare planlegging på kommunalt nivå. Kystsoneplanen vart gjennom-ført med stor grad av medverknad, og som eit samarbeid mellom fylkeskommune og stats-forvaltar. Planen har vore gjenstand for ein grundig vurdering, og også handsama, revidert og vedteke i KMD. Alle kommunane innanfor planområdet ligg i sone 3. Kystsoneplanen sine retningsliner er i stor grad i samsvar med SPR, bortsett frå nokre nyanseringa av skal- og bør-formuleringar mellom dei ulike sonene. Sjølv om den regionale planen berre omfattar ein region i fylket, er mange av retningslinene aktuelle og gode også for andre kommunar. Under råd og rettleiing i dei komande kapitla er aktuelle retningsliner frå den regionale kystsoneplanen nemnt.
Plan- og bygningslova legg vekt på opne planprosessar og like moglegheiter for alle til å delta i planlegginga for å få best mogleg planar. Tidlegare Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i rettleiaren Medvirkning i planlegging mellom anna trekt fram ni råd for å fremje og sikre god medverknad, samt eit utval av aktuelle metodar og gode døme.
Privatisering av strandsona
SSB har statistikk som omfattar arealbruk og byggeaktivitet i 100-metersbeltet . Denne definerer potensielt tilgjengeleg strandsone som areal som ikkje er bygningsnært, ikkje dyrka mark eller beslaglagt av veg eller jernbane. SSB har definert bygningsnært areal som bygd areal eller areal som ligg 50 meter frå yttervegg til alle typar bygg unnateke naust, båthus og sjøboder. Dette kan nyttast som ein generell regel ved vurdering av privatiseringsgrad i den enkelte kommune. Det bør i tillegg gjerast ei lokal vurdering knytt til til dømes naust si privatiserande effekt i den enkelte kommune, og om aktuelt inkludere desse bygga også i analysen av tilgjengeleg strandsone.
Juridisk er det i følgje friluftslova fri ferdsel i utmark, med eit par unntak. Rundskriv T-2007-3 , om lov om friluftslivet gir ei samla informasjon og rettleiing om tolking og anvending av friluftslova sine reglar i praksis. Den tek sikte på å styrke forståinga av friluftslova og den nære samanhengen den har med praktisering av andre lover. Terrengtilhøve, tomta si arrondering og karakteren på bygnaden spelar ei rolle i vurdering av privatiseringa. Det er eit grunnleggjande rettsleg prinsipp at ein må tole meir ferdsel frå allmenta tettare på busetnad i strandsona enn elles.
Følgjande lenker gir ytterlegare informasjon og kunnskapsgrunnlag:
- Miljødirektoratet: Om friluftsliv
- Regjeringa: Tilgang til strandsonen
- Miljødirektoratet: Ofte stilte spørsmål om allemannsretten
Byggjegrense
Byggjeforbodet etter § 1-8 andre ledd gjeld så langt ikkje anna byggjegrense er fastsett i arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan jf. § 1-8 tredje ledd.
Fastsetjing av nye byggjegrenser skjer i samband med planlegging. Verknadene av utbygging for naturmangfald, friluftsliv, landskap, kulturmiljø og andre allmenne interesser skal vurderast grundig. Ved vurdering av om det kan fastsetjast annan byggjegrense enn 100-metersbeltet skal det gjennomførast ei kartlegging av dei konkrete strandsoneverdiane.
Funksjonell strandsone er eitt av fleire vurderingsgrunnlag for å fastsetje ny byggjegrense. Funksjonell strandsone er ikkje det same som byggjegrense, men kan i mange område vera samanfallande.
Byggjeforbodet skal som hovudregel praktiserast strengt i sone 2. I sone 3 er dette nyansert. Det kan tillatast utbygging etter konkret vurdering ut frå lokale tilhøve. I område utan press er det enklare å få til løyve til utbygging enn i område der presset er stort.
Alternativ plassering av nye tiltak skal vurderast i sone 2, dette er nyansert med bør i sone 3. Bygget sin funksjon vil ha tyding for plasseringa. For begge soner er det ei generell oppmoding om at ein for nye tiltak bør vurdera om tiltaket kan trekkast vekk frå sjøen.
Plassering av nye tiltak og utviding av eksisterande, skal plasserast så langt unna sjøen som mogleg, og til område med eksisterande tiltak. I sone 3 er det presisert at det må leggast vekt på fellesløysingar for vegar og annan teknisk infrastruktur.
Råd og rettleiing
- Byggjegrense må fastsetjast for utbyggingsføremål § 11-7, nr. 1, og for LNF-spreidd føremål § 11-7, nr. 5.
- Forankre byggjegrense i plankart og ikkje gjennom generelle føresegner
- Føresegnene må definere kva byggjegrensa er og for kva tiltak den gjeld. Ta i bruk retningsliner for ytterlegare skildring.
- Det er ikkje naudsynt å fastsetje byggjegrense for LNF-område.
- Bruk funksjonell strandsone som kunnskapsgrunnlag ved fastsetjing av byggjegrense.
- Nye bygg og tiltak bør så langt som mogleg plasserast i retning bort frå sjø.
Synleggjering av verdiar og omsyn i strandsona
Registreringar av viktige verdiar i strandsona bør sikrast mot framtidig utbygging og løftast fram og synleggjerast i arealdelen. Verdiar og omsyn i strandsona kan synleggjerast og sikrast gjennom føresegner og/eller i plankart. Desse kan takast i vare med arealføremål som til dømes landbruks-, natur- og friluftsområde, grønstruktur eller omsynssone.
Råd og rettleiing
- Hovudarealføremålet bruk- og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone på land (pbl § 11-7 nr.6 / sosikode 6001) kan gi eit utydeleg skilje mellom arealføremål på land og i sjø, og bør nyttast med varsemd.
- Det kan vera motstridande interesser mellom verdiane i strandsona. Tilrettelegging/ferdsel som grunnlag for t.d. friluftsaktivitetar må vurderast med omsyn til andre interesser m.a. landskap, naturmangfald og kulturarv.
- Område med særskilte verdiar for friluftsliv, landskap, natur- og kulturmiljø bør synast i kommuneplankartet som omsynssoner, eller som arealføremål som tek i vare verdiane (Regional kystsoneplan)
- Samanhengande grønstruktur skal sikrast som grunnlag for friluftsaktivitetar. Tilkomst til og langsmed strandsona bør sikrast både frå landsida og frå sjøsida. Tilrettelegging for ferdsel bør prioriterast (Regional kystsoneplan).
- Verdifulle landskapsområde og mangfaldet av landskapsområder skal ivaretakast (Regional kystsoneplan)
Konsekvensutgreiing
Strandsone bør vera eige tema i konsekvensutgreiinga og verdiane i strandsona må leggast stor vekt på.
Som regel vil areal innanfor 100-metersbeltet ha høg verdi og ny arealbruk vil i dei fleste tilhøve gje negative konsekvensar for området. Dersom ein har gjennomført kartlegging og fastsett funksjonell strandsone kan dette kunnskapsgrunnlaget nyttast i konsekvensutgreiing av enkeltinnspel. Døme på prinsippet er synt i kart til høgre. I dette dømet er funksjonell strandsone både mindre og større enn 100 meter (blå line). Kartet syner eit arealinnspel der deler av det er i klår konflikt med strandsoneverdiane, medan deler av innspelet ligg utanfor den funksjonelle strandsona. Området utanfor funksjonell strandsone kan såleis vurderast for nye tiltak dersom dei heilskaplege omsyna for planlegging elles er ivaretekne.
Råd om konsekvensutgreiing kan ein finne her: Veileder om konsekvensutredning for planer etter plan- og bygningsloven . I tillegg har Miljødirektoratet utarbeida rettleiar for konsekvensutgreiing med fokus på klima og miljø: Rettleiar M-1491 .
Landbruk, fiske, fangst, akvakultur og ferdsel til sjøs
Den dominerande arealkategorien i strandsona er landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område), pbl § 11-7 nr 5. Kategorien er godt eigna for å sikre større område i strandsona mot utbygging.
LNF-kategorien er omfatta av to underføremål.
Underføremål a) LNF: er “areal for nødvendige tiltak for landbruk og reindrift og gårstilknyttet nærings-virksomhet basert på gårdens ressursgrunnlag.” Kva som kan karakteriserast som gardstilknytta næringsverksemd er definert i rettleiaren Garden som ressurs ( H-2401 ).
Som eit unntak til det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet i LNF-område kan kommunen vurdere å sette føresegner som tillet oppføring av naudsynte bygningar, mindre anlegg og opplag for landbruk, fiske, fangst, akvakultur og ferdsel til sjøs. Bakgrunn for dette er å sikre at det kan gjerast ombygging av eksisterande driftsbygningar og oppføring av erstatningsbygg på gårdstun i strandsona, til dømes gjennoppføring etter brann eller ulukke. I tillegg treng kysttilknytt næring i mange høve tilgjenge til område for beite/slått etc. Dette kan innebere brygge og naust. Naudsynte navigasjonsinnretningar (fyrykt etc.) som tek i vare sjøtryggleiken er også ein del av dette.
Underføremål b) LNF-spreidd. Kommunen kan bestemme at spreidd bustad, fritids- eller næringsbygningar og andre bygningar kan tillatast gjennom handsaming av enkeltvise søknader eller reguleringsplan når føremålet, utbygginga sitt omfang og lokalisering er nærare angitt i arealplanen. Rettleiar om LNF-spreidd.
Råd og rettleiing
- Vurdere trong for unntak for tiltak innanfor LNF-føremålet: - Kartlegge situasjonen i eigen kommune - Kartlegge verknader - Dialog med aktuelle næringar i kommunen
- For nye tiltak må prinsipp i SPR for plassering av tiltak og areal leggast til grunn.
- Kommuneplanen bør fremje konkrete vurderingar og føresegner istaden for generelle vilkår.
By og tettstad
Byggjeforbodet i plan- og bygningslova gjeld også for byar og tettstader. SPR syner til at i byar og tettstadar skal behovet for fortetting, sentrums- og byutvikling vektleggjast. Ein kan vera mindre restriktiv til omdisponering til bustad- eller fritidsbustadar i hamne- og næringsområde som ikkje lenger er næringsaktive.
Det må leggast vekt på å sikre allmenn tilgjenge til sjøen ved bruk av strandpromenadar, turvegar og badeplassar. For å auke attraktiviteten i sentrum kan strandsona vera ein ressurs i transformasjonsprosessar og sentrumsutvikling.
Ny utbygging og fortetting innanfor grensene av ein by eller tettstad bør ha fokus på fellesskap og næringsutvikling føre private tiltak.
Det må gå klårt fram av kommuneplanen kva utvikling ein ser for seg i byen eller tettstaden. Det må setjast ei ytre ramme for kor mykje byen eller tettstaden skal få ekspandere for å unngå at utbygginga legg beslag på stadig større areal i strandsona.
Sjølv om det vert opna for utbygging innanfor grensene til ein tettstad må det likevel sikrast størst mogleg tilgjenge for allmenta i strandsona, mellom anna ved å setje ei byggjegrense mot sjø.
Døme frå Bergen kommune, Strategi for sjøfronten i Bergen sentrale deler .
Råd og rettleiing
- Funksjonell strandsone er ikkje tilstrekkeleg eigna metodikk for å kartlegge den verdifulle strandsona i byar og tettstader. I slike område bør det difor gjennomførast ein analyse/kartlegging med fokus på dagens situasjon og framtidig tilgjenge, fellesområde, kyststi/ promenade, sjøgløtt etc.
- Allmenn tilgang til strandsona i form av strandpromenade, offentleg tilgjengeleg kai og parkar/byrom/friområde må tilretteleggjast i utvikling av by- og tettstader (Regional kystsoneplan).
- Areal til bustad- sentrums- og næringsutvikling skal prioriterast framfor areal til fritidsføremål innafor areal avsett til sentrumsområde i kommuneplanen (Regional kystsoneplan).
Fritidsbusetnad
SPR understrekar at areal til bustad-, sentrums- og næringsutvikling bør prioriterast føre fritidsbustadar i alle soner. Sone 2 har ei ytterlegare presisering gjennom: Det bør vera ein restriktiv haldning til nye fritidsbustadar og vesentleg utviding av eksisterande fritidsbustadar i område av kommunen med press.
Kommunal og distriktsdepartementet utarbeider rettleiar om planlegging av fritidsbusetnad. Denne rettleiaren er snart ferdig og klar for publisering.
Det bør gjerast gode prioriteringar av tilrettelegging for fastbuande og hyttebuarar med omsyn til arealbruk i strandsona, der prioriteringa i hovudsak bør gå i favør av kommunen sine innbyggjarar.
Råd og rettleiing
- Nye område for bustad og fritid skal som hovudregel ikkje leggjast i strandsona, i alle høve ikkje innanfor område kartlagt med strandsoneverdiar og definert som funksjonell strandsone (Regional kystsoneplan).
- Ein bør vera tilbakehaldande med å legge tilrette for ny fritidsbusetnad i strandsona, med unntak av forsiktig fortetting. Opnar ein for fortetting bør ein ha fokus på ringverknadane dette gir, som til dømes areal til infrastruktur, kai, parkering (Utkast til rettleiar KDD).
- Kommunar bør innføre føresegner i kommuneplanen for storleik og standard for fritidsbustadar i strandsona.
- Område med fritidsbusetnad bør planleggjast heilskapleg med tilrettelagt infrastruktur og gode fellesskapsløysingar.
Naust, brygger, småbåtanlegg og -hamner
Det er ønskjeleg å stimulere til eit aktivt båtliv i ein region med lett tilgjengeleg og særs attraktiv skjergard. Behovet for småbåthamner må vurderast heilskapleg for kommunen og heimlast i kommuneplan.
SPR syner til at det kan vera grunnlag i både sone 2 og 3 for å tillata visse tiltak nær sjøen, som til dømes brygger, naust, næringstiltak og sjøretta reiselivsanlegg. Vurderinga kan vera avhengig av kva for tiltak det gjeld. For sone 3 er det presisert at slike tiltak bør samlast og lokaliserast i tilknyting til annan busetnad, og at felles brygger og naust bør prioriterast. Det er gitt opning i SPR for fritidsfiske gjennom å tillata oppføring av naust og brygge (sone 2).
Råd og rettleiing
- Skilje mellom småbåthamner og småbåtanlegg. Arealføremålet småbåthamn bør nyttast på anlegg for småbåtar som er opne for allmenta og ikkje knytt til nærare fastsette eigedomar. Dersom båtplassane skal knytast til nærare fastsette eigedomar skal arealføremålet småbåtanlegg nyttast.
- Naust er uthus for oppbevaring av båt, utstyr for båt og fiskereiskap. Naust må ha eit volum og ei utforming som er naturleg i høve til det føremålet nausta skal stetta. Naust skal ikkje få preg av å vere ein fritidsbustad.
- Nye naust skal ikkje redusere ålmenta si tilgang til strandsona. Det skal tilretteleggjast for allmenn ferdsel ved nye naust. Det er ikkje tillate med nye gjerde/ levegg eller andre stengsler i naustområde (Regional kystsoneplan).
- Fellesanlegg for båtplassar skal prioriterast framfor nye naustområde. Det skal leggjast opp til fellesløysingar for båtplassar, båtslipp, molo og infrastruktur som til dømes bodar, toalett/dusjrom, felleslokale og parkering knytt til båthamna på land (regional kystsoneplan).
- Kommuneplanane bør leggja til rette for småbåthamner som er allmenne anlegg for småbåtar utan tilknyting til bestemte eigedomar. Det skal knytast plankrav til nye småbåthamner (Regional kystsoneplan).
- Brygger skal ikkje byggast slik at dei stenger for allmenn ferdsel mellom naust og sjøen. Brygger bør etablerast utan store, irreversible terrenginngrep (Regional kystsoneplan).
Bruksendring av verneverdige naust og sjøboder
Mange gamle sjøbruksmiljø og nedlagte industriverksemder står tomme og er i ferd med å forfalle. Ved å opne for bruksendring til utleigeverksemd, andre formar for næringsverksemd eller allmennyttige føremål kan slike bygningar vernast gjennom bruk. Ny bruk med ei inntening vil kunne vere med å holde eit bygg økonomisk på fote. Utforminga må forankrast i lokal, historisk byggjeskikk for å vidareføre dei stadeigne kvalitetane. Bruksendringa må ta vare på omsynet til ålmenta si ferdsle og tilgang til strandsona, og må vurderast konkret og slik at ein tek vare på strandsoneverdiane.
All bruksendring av verneverdige bygg må vurderast konkret som anna bruk og føremål. Sjølv om det er eit eksisterande bygg, må ein vurdere om ny bruk passar med omsyna på staden. Det må også vurderast kor langt forfallet er kome på bygnaden, og i kva grad ei bruksendring vil bidra til ivaretaking. Det er forskjell i vurderingane innan utbygde stader som tettstader og i elles urørd naturområde.
Råd og rettleiing
- Kulturmiljøforvaltinga legg vekt på å møte den høge tapsprosenten når det gjeld verneverdige bygg i strandsona, ved å opne opp for ny bruk av t.d. naust og sjøhus, til ulike næringsføremål og allmennyttige føremål.
- For mange kan ei bruksendring av verneverdige bygg gi ny aktivitet og bruk i eit bygg som vil redde bygget frå vidare forfall. Det kan opnast opp for ny bruk av t.d. sjøhus og naust i dei tilhøva det er mogleg utan å endre bygget sin integritet. Det må utarbeidast gode retningsliner for kva som er mogleg innanfor ei bruksendring og der føremålet likevel er bevaring.
- Bruksendring av verneverdige bygningar bør som hovudregel avklarast gjennom plan og ikkje dispensasjon.
- Bruksendringa må planleggast og sjåast i samanheng med andre tiltak som vil vera naudsynt for å realisere den, t.d. tilkomst, parkering, vatn/avløp, brygge. Det må leggast stor vekt på kulturmiljøet sin heilskap og at tiltak må gjennomførast skånsamt. Endringa bør ikkje gi grunnlag for synleg ny infrastruktur eller terrenginngrep.
- Bruksendring av verneverdige bygg til næringsføremål og allmennyttige føremål skal prioriterast føre privatiserande føremål som t.d. fritidsføremål. Dette fordi den endra bruken privatiserar strandsona og vil vera til hinder for allmenn tilkomst, ferdsel og opphald langs sjøen.
- I samband med restaurering/bruksendring av verneverdige bygg er det tilskotsordningar som ein kan søke på, dette kan vera tilskot frå Norsk Kulturminnefond, fylkeskommunen eller ulike fond og stiftingar. Her er samleside hos Vestland fylkeskommune med informasjon om tilskotsordningar .
Næringstiltak og sjøretta reiselivsanlegg
Store delar av næringsgrunnlaget i Vestland er knytt til strandsone og sjø. Dette gjeld både for maritime og marine næringar/industri, så vel som sjøretta reiselivsanlegg.
Reiseliv har utvikla seg frå å vere ein tradisjonell bidragsytar innan transport og overnatting til å bli ein opplevingsindustri og ei drivkraft for ny verdiskaping. Fjordane på Vestlandet har vore reisemål for turistar i over 100 år.
Turismen på Vestlandet er i stor grad tufta på opplevingar knytt til landskap, natur, friluftsliv og kultur. Fylket har mange gjestehamner, og er eit attraktivt område for småbåtturistar om sumaren. Det er i tillegg ein stor marknad for utleigehytter som ligg i nærleiken til sjøen. Å sikre allemannsretten og tilgang til friluftsområde, både dei små, grøne lungene i nærmiljøet, dei større samanhengande friluftsområda og tilgang til sjøområda, er positivt i reiselivssamanheng. Det er difor også viktig for reiselivsnæringa at dei nære sjøområde får liten utbygging og at berre dei delane av næringstiltaket som må ligge til sjø, vert etablert der.
Sjølv om større nærings- og industriområde til sjø omdisponerer strandsona i svært stor grad, er det likevel viktig at næringsområde vert utforma i samsvar med prinsippa for utforming av andre byggjeområde i strandsona av omsyn til brukarane av område rundt og allmenta.
I generelle retningsliner for alle soner er det presisert at det ved lokalisering av næringsområde bør vektleggjast om næringar og næringsverksemd som bidrar til auka lokal verdiskaping treng tilgang til sjøen. Det må gjerast konkrete vurderingar av om heile tiltaket er avhengig av sjøtilknyting eller om deler av tiltaket kan liggja lengre frå sjø (t.d. overnattingsdel og administrasjonsbygg for reiseliv). For sone 3 skal behovet for næringsutvikling og arbeidsplassar, til dømes satsing på reiseliv og turisme, tilleggjast vekt i vurderinga av tiltak i 100-metersbeltet.
Råd og rettleiing
- Næringsområde med tilgang til sjø skal sikrast i kommunal planlegging og prioriterast for sjøretta næring. Samanhengen mellom land- og sjøareal må ivaretakast (regional kystsoneplan)
- Reiselivsanlegg bør lokaliserast til område som er lite konfliktfylte i høve til strandsoneverdiane.
- Reiselivsanlegg i strandsona skal regulerast til område for bygningar og anlegg – fritids- og turistføremål. Hotell og bevertning fell inn under kategorien næringsbygg. Føresegnene kan nyttas for å spesifisere nærare kva type overnatting eller bevertning som er tillate.
Juridiske rammer
Oppdatering av planer
Eit viktig punkt i SPR som er uavhengig soneinndelinga, er at kommunen skal vurdere om tidlegare vedtekne område for utbygging i strandsona, som ikkje er bygd ut, skal oppretthaldast eller takast ut av kommuneplanen. I denne vurderinga skal krava i plan- og bygningslova og retningslinene leggast til grunn. Rettleiing Statsforvaltaren Vestland .
Eldre planar i strandsona frå før PBL 2008 skal også revurderast og avklarast opp mot strand-sonevernet. I dette ligg det at eldre planar utan definert byggjegrense til sjø må fastsetje denne i ny plan for å unngå at byggjeforbodet slår inn, også for eksisterande bebygde eigedomar i strand-sona.
Krav om reguleringsplan
SPR er tydeleg på, uavhengig sone, at avklaring av arealbruk i strandsona skal skje gjennom planlegging og ikkje enkeltvise dispensasjonar. Plankravet er heimla i plan- og bygningslova § 12-1 ( lovkommentar ), og skal konkret vurderast i kvart enkelt sak. SPR er tydeleg på at i pressområde i sone 2 skal plankravet tolkast strengt. Generelt er det viktige omsyn i strandsona som skjerpar kravet til plan.
Ein bør vurdere bruk av omsynssone med krav til felles planlegging. Denne sona kan nyttast for å markere område der ein meiner det er trong for område og eigedommar vert planlagt under eitt, i område som skal omformast og fornyast, samt for å legge til rette for ulike fellesløysingar.
Dispensasjoner
Utgangspunktet er at avklaring av arealbruk i strandsona skal i hovudsak skje gjennom planlegging, og ikkje gjennom enkeltvise dispensasjonar. SPR er klår på at dispensasjonar i sone 2 skal unngås i sentrale område der presset på areala er stort. Gjennom planlegging får ein sett strandsona i samanheng, medan dispensasjonane fokuserer på dei einskilde tiltaka og lett førar til bit for bit-utbygging.