HUSET I BYGDA
STØTTE TIL BYGNINGSMESSIGE TILTAK TIL ORGANISASJONSEIGDE KULTURHUS
STØTTE TIL BYGNINGSMESSIGE TILTAK TIL ORGANISASJONSEIGDE KULTURHUS
Følg lenka eller trykk på den grøne prikken der huset ditt ligg. I vindauget som sprett opp trykker du deg direkte inn i søknadsskjemaet (trykk på "Vis" ved "Lenke til søknadsskjema").
De bruker same søknadsskjema for begge søknadsordningane.
Vi ber òg om at de nyttar høve til å oppdatere informasjon om ditt hus når de søker om tilskot. Lenke til husskjema finn de òg oversynet over huset ditt ("lenke til utfylling eller endring av informasjon i husdatabasen").
Om du ikkje finn huset ditt, ta kontakt med Christoffer Knagenhjelm, e-post: christoffer@ungdomslag.no eller mob. 48 00 48 17.
Deler av gåvetilskota frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane går til samfinansiering med tilskot til desentralisert ordning til kulturbygg som er administrert av Vestland fylkeskommune.
Ordninga skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift. Søkjarar om tilskot til kulturbygg kan vere frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune. Sjå www.vestlandfylke.no/kultur/kunst--og-kulturutvikling/tilskot-til-kulturbygg/ for meir informasjon om ordninga.
Søknad om tilskot frå desentralisert ordning skal sendast inn elektronisk. Ta kontakt med din kommune for nærare informasjon om søknadsprosessen og om den lokale søknadsfristen. Huset i Bygda kan òg hjelpe med utfylling av søknadsskjema.
Kartet syner lokale kulturhus som har fått gåvetilskot til større bygningsemessige tiltak i perioden 2016-2020.
Trykk på punkta i kartet for å få opp informasjon om kva og kor mykje husa har fått i gåvestøtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Vi legg og ut statistikk om søknadar, fordeling av tilskot og oversikt over kostnad og finansiering på nettet. Statistikken vert oppdatert jamleg.
Denne informasjonen finn de her :
Statistikk: søknadar 2016-2022