Ein bit av historia
Kulturhistoriske ferdselsårer i Møre og Romsdal
Prosjektet Ein bit av historia har fått tilskudd fra Riksantikvarens tilskuddordning for kulturmiljø og verdiskaping.
Ein bit av historia - fase 1
- Vedtaksår: 2019
- Aktivitetsår: 2019 – 2021
- Prosjekteigar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Ambisiøse mål
Målet med fylkeskommunens verdiskapingsprogram er å respektere, utvikle og løfte fram materiell og immateriell kulturarv og framheva eigenarta kultur i lokalsamfunna. Hovedfokus har vore verdiskaping langs historiske ferdselsårer.
Verdiskapingsprogrammet er forankra i Fylkesplanens ambisjoner om at Møre og Romsdal skal ha "eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor", og "vere leiande i å skape lokale og miljøvenlege produkt og tenester, basert på lokale ressursar og lokal kultur". Satsingsområda er knytta til:
- Bruk av ny teknologi i kunst og kulturformidling.
- Auka bruk av FoU-verkemiddel blant aktørar i kulturell og kreativ næring.
- Inkludering og livslang læring for alle.
- Forsking og formidlingssamarbeid mellom aktørar i ABM-sektoren.
- Tiltak og prosessar for å styrke frivillig sektor.
- Ivareta og utvikle særtrekk og identitet i byar og tettstader.
Historiske ferdselsårer
Postveg Det er gjort omfattande kartlegging av Den Trondhjemske postvei i Møre og Romsdal fylke. Postvegen strekk seg gjennom heile fylket, gjennom åtte postvegkommunar. I 2021 fekk seks kommunar tilskot knytt til innhenting av ny kunnskap om sidevegar, skilting av postveg, skjøtsel, næringsutvikling basert på kulturarv og kunst- og kulturformidling. Blant anna har Vestnes folkebibliotek fått tilskot til å utvikle VR-formidling av postvei i biblioteket.
Postvegen over Ørskogfjellet
Nettsida for postvegen http://www.postvei.no/ er både ein formidlingsportal og ein plattform for dialog. Det er utarbeida ein rapport for kvar kommune, som beskriv kor postvegen ligg, kva kulturminne som ligg langs postveien og kva tilstand vegen er i. Gjennom nettsida ønsker fylkeskommunen å invitere til dialog med aktørar som kan skape verdiar basert på kunnskapen i rapportane. Nettsida formidlar òg reisebrev, foto og film som gir ei digital oppleving av Den Trondhjemske postvei. Det er etablert ei arbeidsgruppe som skal jobbe med å løfte arbeidet med postveg nasjonalt. Nye fylke og postvegkommunar er kobla på i prosjektet frå februar 2022.
Kunst har vore ein effektiv innfallsvinkel til å utvikle kunnskap, skape engasjement og mobilisere til bruk av postvegen. Fotograf André Ormset-Paredes har ved hjelp av komposittfoto utarbeid sine tolkingar av historier frå postvegen. Filmskapar Martin Gjellestad er i gang med dokumentarfilm om postvegen.
Kvernes kulturmiljø - nøkkelstad langs Kystpilegrimsleia.
Borgstua på Kvernes
Kystpilegrim Fylkeskommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag har samarbeida om etablering av eit Regionalt kystpilegrimssenter (RPS) på Edøy, i Smøla kommune. Senteret er knytt til Nasjonalt pilegrimssenter og er ein del av Nordmøre museum. I første fasa har det vore gjennomført ei rekke utprøvingstiltak, blant anna knytt til nettverk mellom RPS og nøkkelstader langs leia, pilegrimsreiser med kollektivtransport og nasjonal kystpilegrimskonferanse. Gjennom ordninga «Stimuleringsordning for kulturarv i reiselivet» har aktørar fått tilskot til utvikling av overnattingstilbod, til dømes i Borgstua ved Kvernes på Averøy.
Oversikt over Edøy, Smøla - funn av Edøyskipet. NIKU.
Digital gjenskaping
Digital arkeologi og formidling av kulturarv har vore eit viktig satsingsområde. Arkeologane på fylkeshuset har samarbeida med fagfolk i NIKU om bruk av georadar på lokasjonar langs Kystpilegrimsleia. Det resulterte i funn av skipsgraver og bustader på Edøy i Smøla kommune. Like ved middelalderkirka rett under dyrkingslaget ble Edøyskipet med 13 meter lang kjøl funnet i ei stor skipsgrav. Ny kunnskap henta opp av jorda ved hjelp av georadar gjer grunnlag for digitale gjenskapingar - 3D-modellar kan brukast i dataspel, undervisning og reiselivs- og opplevingsnæring.
Gjennom FoU-prosjektet «Digital formidling av kulturarv» har Tidvis Utvikling AS utvikla digitale gjenskapingar frå maktsenteret på Edøy og mellomalderkaupangen på Veøy utanfor Molde. Det er óg utvikla ei tidsmaskin i Romsdalsmuseet og eit minimuseum som skal reise mellom folkebibliotek.
Digital gjenskaping av naustmiljø på Veøya.
Samfunnsutviklarrolla
Ein bit av historia har vore eit godt verktøy for utvikling av den regionale rolla som samfunnsutviklar slik den er definert i tre dimensjonar i Meld. St. 22 (2015-16). Langsiktig verdiskapingsarbeid bidreg til å gje ei strategisk retning. Lokale prosjekt med involvering mobiliserer både frivilligheit, kulturliv og næringsliv. Nettverk og tverrfagleg samarbeid bidrar til å samordne og koordinere offentleg innsats og verkemiddelbruk, til dømes i korleis stat, to fylkeskommunar, kommunar og museum har samordna seg for å lukkas med etablering av eit regional pilegrimssenter.
Å bevisstgjere innbyggarane på at kulturarv er ein ressurs er ein viktig del av arbeidet. Det er stor lokal interesse for å bidra til å sjå at kulturarven i lokalsamfunna kan inngå som ressurs i samfunnsutviklinga og tettstadsutviklinga. Fylkeskommunen blir invitert til bygdemøte.
I vidareføringa av prosjektet vil fylkeskommunen sjå på moglegheita for å jobbe med fleire historiske ferdselsårer i fylket knytta til fyrled, krigsminne og industrielle kulturmiljøer.
Kva kan vi lære av prosjektet?
Ein bit av historia har generert ei mengd ny kunnskap kring kulturmiljø som ressurs for utvikling. Det gjeld samarbeid og samhandling mellom ulike forvaltningsnivå og mellom forvaltning, næringsliv, lokalbefolkninga og frivillige.
Programmet har bidratt til auka kunnskap om georadarundersøkingar med bearbeiding til digital formidling. Omsetting av korleis ein kan omsette fagkunnskap frå kulturmiljøforvaltninga til digital kompetanse er ein viktig erfaring. Arbeid med utvikling og formidling av digitale modellane vil bli lagt vekt på i det vidare prosjektarbeidet. Resultata fra første fase skal vidareførast gjennom undervisningsopplegg, kunstproduksjon i Den kulturelle skolesekken, som del av NAV-tiltaket «Digitale talent”, og gjennom dataspelet “Brageskål”. Det skal og utarbeidast kunnskapsgrunnlag og digitale gjenskapingar knytt til kaupangen på Borgund, Ålesund kommune.
Å bygge nettverk mellom sentrale samarbeidspartar og aktørar er ein viktig effekt av verdiskapingsarbeidet. Nasjonale aktørar i relevante sektorar, samt kommunane i fylket og frivillige lag og foreiningar er viktige samarbeidspartar. Riksantikvaren er tilskotsgivar, men også ein særs viktig fagleg samarbeidspart.
Eit godt eksempel på effekten av god nettverksbygging er mogleggjering av ein undergang som bind Den Trondhjemske postvei saman over Ørskogfjell. Under utbygging av E39 var det i utgangspunktet ikkje planlagt undergang ved utbetring av fylkesvegen som til no har delt postvegen i to delar. Etter initiativ frå reiselivet i fylket som ønsker å bygge postvegen som ei merkevare, vart det mogleggjort ein undergang som skal binde parsellen saman. Dette blir finansiert som eit spleiselag mellom Statens vegvesen og fylkeskommunen.
Arbeidet med verdiskaping langs historiske ferdselsårer gir positiv effekt for folkehelse, kulturminneforvaltning og verdiskaping. Utvikla og tilrettelagt kunnskapsgrunnlag frå første fase gjer grunnlag for vidare satsing på fleire historiske strekk i Møre og Romsdal.
Finansiering
Møre og Romsdal fylkeskommune Riksantikvaren Statens vegvesen Regionalt forskingsfond Kulturtanken
Samarbeidspartnere
Tidvis Utvikling AS Havnevik as Postveikommunene Smøla kommune Møre bispedømme Riksantikvaren Statens vegvesen Norsk vegmuseum Nordmøre museum Romsdalsmuseet NTNU Vitenskapsmuseet - VITI NIKU Inst. for kulturminneforskning Universitetet i Bergen Nøkkelstader langs Kystpilegrimsleia Trøndelag fylkeskommune NDLA Norsk digital læringsarena Undervisningsplan AS Fortidsminneforeningen Nasjonalt pilegrimssenter Stiklestad nasjonale kultursenter Visit-selskapene
Referanser
Prosjektleiarar: Elin Kanck Lorentzen og Hildegunn Maria Haanes Ruset (f.o.m. januar 2022)
Oppdatert 3. mai 2022